Designer: Linn Sigrid Bratland
Materiale: 925 sølv
Om kolleksjonen: historisk har fuglar vore sett på som sendebod mellom vår verden og gudeverdene eller det hinsidige. Det er ikkje så vanskeleg å forstå at det å kunne fly gav grobotn til fantastiske førestillingar før me menneske kunne forflytte oss over bakkenivå. Fuglane i desse smykka er ikkje ein bestemt type fugl, men ein samansetning av mange av dei mest vanlege fuglane me har i Norge, slik som spurv, skjære, linerle ol. Og som trippar rundt oss i kvardagen.
Om ein skal tileigne dei magiske eigenskapar er opp til kvar enkelt.